torsdag 2. juni 2016

Effektar og tilbehør til gitar og bass, del 1: Tids-baserte effektar

Dei aller fleste som har prøvd seg med å klunke litt på gitar eller bass, har sikkert fått med seg at det er ubegrensa mogelegheiter til å få ut lydar og effektar.

 Korleis får The Edge i U2 slike "tepper" av lyd frå ein gitar, korleis får Neil Young den til å simulere bomber og granatar, og Jarle Bernhoft ein gitar til å bli eit heilt orkester.

 Eg vil her prøve å opprette eit "familietre" med dei ulike effektane, kva som kjenneteiknar dei, og eksempel på bruk. Dette er eit enormt fagfelt, så me ser berre på hovudlinjene og ikkje på alle forskjellige merke.

Ok, då startar me frå toppen!

Reverb, Echo og Delay part I

1. Romklang (reverb på engelsk)

Dei fleste har vel høyrd og lagt merke til at ein lyd (som eit klapp i hendene) både høyres forskjellig ut og varar med forskjellig lende frå eit lite rom som i bilen, til ein gymsal, og til ein katedral?
Poenget med å leggje til kunstig romklang til gitarsignalet, er for å skape eit lydinntrykk av ulike størrelsar på eit rom, som igjen bestemmer kor lenge klangen av lyden skal vare.

Til gitar er det fleire metodar som har vore brukt for å få dette til, med litt forskjellig akkustisk karakter.
  1. Fjørklang (Spring reverb)
  2. Plateklang (Plate reverb)
  3. Røyrklang (Tube reverb)
         

John Williams med "Asturias", naturleg reverb.      Ry Cooder, "Paris, Texas", mykje reverb

2. Ekko (echo)

Denne seier vel seg nesten sjølv, då ein med ulike metodar oppnår at gitarsignalet repeterer seg sjølv, og gir ein illusjon om store rom der lyden kjem i retur. Tradisjonelt fekk ein denne effekten av svære kassar som ser ut som ein gamaldags lydbandspelar. Det går då eit band rund og rundt fleire "stasjonar", der ein på fyrste stasjon speler inn gitartonen. Etter nokre millisekund når då bandet andre "stasjon" som spelar av igjen signalet.
Fart og antal ekko vart bestemt av kor fort bandet går, og kor mange "stasjonar" eininga har.


Tidleg Johnny Cash med såkalla "Slap-back"-ekko. Her gjeld det med 1 kjapp ekko, som i eit lite rom.


3. Forsinkelse (Delay)

Delay er i praksis det same som ekko, men når ein byrja å få digitale effektar, kunne ein lage meir intrikate ekko-mønster sidan ein ikkje var avhengig av spoleband lenger. Ein fekk og ein reinare lyd, og kunne dra ekkosignala ut i mange sekunder.



The Edge i U2 er ein meister i bruk av delay, noko som gjer han lett gjenkjenneleg og ein innovator på feltet.


Alle desse effektene er i praksis variantar av same, tidsbaserte effekt. Det er også nokre felles begrep eg vil forklare litt nærare, som er parametrer ein kjem over ved alle tre. Desse kan oftast justerast på vanlige effektpedalar.

  • Decay / reverb tid: Kor lang tid lydsignalet brukar på å nå 60 decibel (dB) under originaltonen.
  • Difusion: Styrer refleksjonsevna til "veggane i rommet"
  • Pre-delay: Styrer størrelsen på "rommet"
  • EQ: korleis ein oppfattar "veggane" (kan simulere td. treveggar, betong, stål, osb) i "rommet"
  • Mix wet/dry: "flyttar" den innbilte lydkjelda fram eller tilbake i "rommet"


Som vanleg så hoppar eg i taket (og det er ikkje enkelt med rullestol!!) av glede om eg får ein kommentar, retting eller tips. Tilogmed kverulering er kjærkome!

2 kommentarer:

  1. Super blogg Håkon!
    Eg skal ut å kjøpe min første gitar så snart eg kjem heim til Norge for sommaren!
    Fikk det i bursdagsgave av foreldra mine, så eg kunne ikkje vore meir klar for tips! Kanskje du kunne ha laga eit blogginnlegg/videoblogg(?) med litt "basic" tips til å læra og spela gitar og korleis ein velger rett gitar? Det litt ikkje så mange norske "tutorials" ute, så det hadde i alle fall eg satt veldig stor pris på :)

    Julie Jørs

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var ein god idé, Julie, ellers må du gjerne slå på tråden når du skal finne deg ein gitar :)

      Slett