torsdag 30. juni 2016

Kva skjer?



Eg tar den skarpaste sjølvkritikk for at bloggen (eller gitarhjørna om du vil) har ein noko ujevn utgivings-frekvens.

Men dette er ganske nytt for meg, og eg brukar litt tid på å tenkje kva de, mine kjæraste lesarar, ynskjer. Og litt på kva eg tykkjer er moro sjølv og.

Sjølv tenkjer eg å skrive litt om nyttige triks og tips, litt om aktuelle trendar i gitar-verda, litt om mine eigne favorittar, osb.

Men aller mest vil eg lage bloggen som ein ressurs til å spele sjølv. Du altså!! Så, korleis gjer me det?
Mitt svar er: å lage korte videoar med ei instruksjon, lage tilhøyrande notar og tabulatur, og gjerne ¨playback¨, så du kan spele instrumentet ditt til akkompagnement.

 Altså, for å oppsummere, så vil innleggja omhandle:

1. Leksjonar for Elgitar, Akkustisk gitar, Ukulele og Bass. Med video, notar og musikkeksempel.
2. Stell, justeringar og enkle småreperasjonar du kan gjere sjølv.
3. Gjennomgang av utstyr ellers, effektar, forsterkarar, ol. som høyrer til. Også ulike gitarmodellar.
4. Kjente gitaristar, og kva som særteiknar dei (mine favorittar, fyrst og fremst)
5. Aktuelle nyhende, tankar i tida.
6. Og så vil eg SVÆRT gjerne få inn spørsmål, for å kunne "ause ut av kunnskapens kjelde" -kremt-, og kanskje fått til både ordskifte og tips frå andre interesserte.

 Vel, dette ser visst mest ut som eit memo til meg sjølv. Men de kan jo då få ein peiling på kva som vil kome.

Enn så lenge; ikkje prøv å lage din eigen elektriske gitar!


torsdag 2. juni 2016

Effektar og tilbehør til gitar og bass, del 1: Tids-baserte effektar

Dei aller fleste som har prøvd seg med å klunke litt på gitar eller bass, har sikkert fått med seg at det er ubegrensa mogelegheiter til å få ut lydar og effektar.

 Korleis får The Edge i U2 slike "tepper" av lyd frå ein gitar, korleis får Neil Young den til å simulere bomber og granatar, og Jarle Bernhoft ein gitar til å bli eit heilt orkester.

 Eg vil her prøve å opprette eit "familietre" med dei ulike effektane, kva som kjenneteiknar dei, og eksempel på bruk. Dette er eit enormt fagfelt, så me ser berre på hovudlinjene og ikkje på alle forskjellige merke.

Ok, då startar me frå toppen!

Reverb, Echo og Delay part I

1. Romklang (reverb på engelsk)

Dei fleste har vel høyrd og lagt merke til at ein lyd (som eit klapp i hendene) både høyres forskjellig ut og varar med forskjellig lende frå eit lite rom som i bilen, til ein gymsal, og til ein katedral?
Poenget med å leggje til kunstig romklang til gitarsignalet, er for å skape eit lydinntrykk av ulike størrelsar på eit rom, som igjen bestemmer kor lenge klangen av lyden skal vare.

Til gitar er det fleire metodar som har vore brukt for å få dette til, med litt forskjellig akkustisk karakter.
  1. Fjørklang (Spring reverb)
  2. Plateklang (Plate reverb)
  3. Røyrklang (Tube reverb)
         

John Williams med "Asturias", naturleg reverb.      Ry Cooder, "Paris, Texas", mykje reverb

2. Ekko (echo)

Denne seier vel seg nesten sjølv, då ein med ulike metodar oppnår at gitarsignalet repeterer seg sjølv, og gir ein illusjon om store rom der lyden kjem i retur. Tradisjonelt fekk ein denne effekten av svære kassar som ser ut som ein gamaldags lydbandspelar. Det går då eit band rund og rundt fleire "stasjonar", der ein på fyrste stasjon speler inn gitartonen. Etter nokre millisekund når då bandet andre "stasjon" som spelar av igjen signalet.
Fart og antal ekko vart bestemt av kor fort bandet går, og kor mange "stasjonar" eininga har.


Tidleg Johnny Cash med såkalla "Slap-back"-ekko. Her gjeld det med 1 kjapp ekko, som i eit lite rom.


3. Forsinkelse (Delay)

Delay er i praksis det same som ekko, men når ein byrja å få digitale effektar, kunne ein lage meir intrikate ekko-mønster sidan ein ikkje var avhengig av spoleband lenger. Ein fekk og ein reinare lyd, og kunne dra ekkosignala ut i mange sekunder.



The Edge i U2 er ein meister i bruk av delay, noko som gjer han lett gjenkjenneleg og ein innovator på feltet.


Alle desse effektene er i praksis variantar av same, tidsbaserte effekt. Det er også nokre felles begrep eg vil forklare litt nærare, som er parametrer ein kjem over ved alle tre. Desse kan oftast justerast på vanlige effektpedalar.

  • Decay / reverb tid: Kor lang tid lydsignalet brukar på å nå 60 decibel (dB) under originaltonen.
  • Difusion: Styrer refleksjonsevna til "veggane i rommet"
  • Pre-delay: Styrer størrelsen på "rommet"
  • EQ: korleis ein oppfattar "veggane" (kan simulere td. treveggar, betong, stål, osb) i "rommet"
  • Mix wet/dry: "flyttar" den innbilte lydkjelda fram eller tilbake i "rommet"


Som vanleg så hoppar eg i taket (og det er ikkje enkelt med rullestol!!) av glede om eg får ein kommentar, retting eller tips. Tilogmed kverulering er kjærkome!