tirsdag 26. april 2016

Verdas beste gitarist??




Det var endå ein tragedie i musikkverda, at Prince døydde rett før helga. Som seg hør og bør for ein av dei aller største i pop-bransjen, blir han hylla på nettet, under konsertar, og i tallause diskusjonsforum.
Det er heilt på sin plass, men så er det ein påstand som dukkar opp og opp igjen.


Historia går slik at Eric Clapton skal ha fått eit spørsmål under eit intervju, om korleis det føltes å være den største/beste gitaristen i verda. Der han då skal ha svart: "Eg veit ikkje (på nynorsk, sjølvsagt), spør Prince."
Skal me ta dette for god fisk, og i nostalgiens ljos akseptere at dette er sant?

Det er to hensyn å ta her. 1: Har Eric Clapton nokonsinne sagt dette under eit intervju? Og 2: Var verkeleg Prince den ALLER beste gitaristen som har vore??

Påstand 1: Ved hjelp av nokre google-søk, finn ein fort ut at dette er ei vandrehistorie, som har fått fri tilgang til twitter-kontoar og diverse nettsider. Her gjeld det Clapton og Prince. Mange av dei litt eldre (40+) hugsar sikkert ei liknande historie om Øystein Sunde.

Det har variert mellom Eric Clapton/Mark Knopfler/Santana som hadde fått 1. plassen som verdas beste. Dei takka nei, for det var Øystein Sunde from Norway. Stemmer dette?? Mr Sunde, som ein må stole på som ei påliteleg kjelde i denne saka, har sjølv dementert ryktet under eit intervju med Bård Tufte Johansen i programmet Åpen Post i 1999.

Går ein litt i djupna angåande Clapton/Prince, ser ein td at twitter-innlegga stort sett henviser til andre twitter-innlegg, eller useriøse kjelder som viser vidare til like useriøse sider. Sjekkar ein derimot med td. denne sida, ser ein at historia byrja med at Jimi Hendrix visst nok fekk same spørsmålet.
Han hadde avslått, og henvist til den totalt ukjente kristenrockaren Phil Keaggey. Dette viser seg også å være fri fantasi.

Påstand 2: Er det sannsynleg at Prince er Verdens Beste Gitarist?? Har han betre teknikk enn Eddie Van Halen? Tøffare riff enn Richie Blackmore? Kjappare enn Steve Vai? Eller kunne han spele Guthrie Govan av banen? Dette er berre eit smalt utvalg, og eg har oversett dei store jazz-gitaristar, klassiske gitaristar, folkemusikarar, osb.

Skal ein då, til slutt, prøve å finne ut kven den største er, så er det eigentleg ei umogeleg oppgåve. At Prince var ein fantastisk multi-instrumentalist og pop-komponist er det lite tvil om, men skal ein sjå kven som faktisk vinn dei fleste kåringar (Td hjå redaksjonen i Rolling Stone, eller ei stor lesaravstemning hjå GuitarWorld) er det nok ikkje heilt uventa at Jimi Hendrix omtrent utelukkande vinn.

Var så han den største?? Sett ut i frå si samtid, og korleis han løfta el-gitaren frå eit honky-tonk image til å bli verdas største rockesymbol, er iallefall ikkje eg i tvil. Sjølv gjennom nostalgiens slør.

Vonar dessuten at nokon av dykk har andre meiningar, og kan kommentere dette under!





Ps. Må jo allikevel ta med eit av Princes beste augneblink, frå hyllinga til George Harrison på Rock And Roll Hall Of Fame; While My Guitar Gently Wheeps. 
Her spelar han ein gneistrande gitarsolo, og det store spørsmålet har blitt; Kvar blir det av gitaren hans når han hiv den opp i lufta, etter soloen?? Hmm...




4 kommentarer:

  1. Prøvde å kommentere, men teknikken? Eller meg?
    Er enig med det du skriver, men må ta med ein gipsy Angelo D'Barre, sjå og høyr løpa uti er omkring 1.27

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser at linken ikkje er med, men søk på youtube My Serenade!

      Slett
    2. Takk for innspel, det er jo heilt magiske mogelegheiter YouTube gir oss til å utforske stadig nye gitaristar. Kjekt med respons; reknar med det er mange ulike meiningar her :)

      Slett
  2. Her kan mykje seiast, men kortutgåva er vel at en gitarist er så god som bassisten er. Clapton/Prince, Prince, då Clapton er kjedeleg og forutsigbar. Ellers har eg vasa rundt på diverse buler i Austin, Texas dei siste ti åra. Der har eg flere gonger sett og høyrt verdens beste gitaristar. Med det meiner et at ein gitarist skal sjå ut som han eller ho er vedens beste. Du skal sjå kva som blir spelt. Vidare er konteksten viktig, stemning, artisteri, musikalitet, evna til å lyfta, ta ned, lyfta ta ned (huff...). Musikalitet handlar og om å invitera meg med på dei 4 neste taktane - at gitaristen skapar ei forventing om at det vil skje noko magisk i løpet av dei. Verdas beste gitarist musiserer også med bandet sitt. Kva med Ritchie? https://www.youtube.com/watch?v=kHlTGVi4lgY

    SvarSlett