tirsdag 30. januar 2018

Service og reparasjon

Hei igjen til alle trufaste lesarar. På høg tid med nokre ord.

 Eg får stadig forespurnader om å stelle med og fikse litt på gitarar og bassar. Og det gjer eg gjerne! Enn så lenge så kan eg ikkje ta på meg store reparasjonar, for det har eg ikkje peiling på. Men enklare justeringar og service går bra.







 Menyen er for tida:
 - Rens, puss, polering og oljing av treverk.
- Strengeskift.
- Justere intonasjon.
- Justere strengehøgd og hals (truss-rod).
- Justere ulike vibrato-system.
- Pusse, file og polere bånd.

Dette er tiltak ein bør gjere med jamne mellomrom, for å halde instrumenta i best mogeleg stand.
 Så om du har ein gitar som treng litt omsorg og kjærleik, så ta gjerne kontakt!



torsdag 30. juni 2016

Kva skjer?



Eg tar den skarpaste sjølvkritikk for at bloggen (eller gitarhjørna om du vil) har ein noko ujevn utgivings-frekvens.

Men dette er ganske nytt for meg, og eg brukar litt tid på å tenkje kva de, mine kjæraste lesarar, ynskjer. Og litt på kva eg tykkjer er moro sjølv og.

Sjølv tenkjer eg å skrive litt om nyttige triks og tips, litt om aktuelle trendar i gitar-verda, litt om mine eigne favorittar, osb.

Men aller mest vil eg lage bloggen som ein ressurs til å spele sjølv. Du altså!! Så, korleis gjer me det?
Mitt svar er: å lage korte videoar med ei instruksjon, lage tilhøyrande notar og tabulatur, og gjerne ¨playback¨, så du kan spele instrumentet ditt til akkompagnement.

 Altså, for å oppsummere, så vil innleggja omhandle:

1. Leksjonar for Elgitar, Akkustisk gitar, Ukulele og Bass. Med video, notar og musikkeksempel.
2. Stell, justeringar og enkle småreperasjonar du kan gjere sjølv.
3. Gjennomgang av utstyr ellers, effektar, forsterkarar, ol. som høyrer til. Også ulike gitarmodellar.
4. Kjente gitaristar, og kva som særteiknar dei (mine favorittar, fyrst og fremst)
5. Aktuelle nyhende, tankar i tida.
6. Og så vil eg SVÆRT gjerne få inn spørsmål, for å kunne "ause ut av kunnskapens kjelde" -kremt-, og kanskje fått til både ordskifte og tips frå andre interesserte.

 Vel, dette ser visst mest ut som eit memo til meg sjølv. Men de kan jo då få ein peiling på kva som vil kome.

Enn så lenge; ikkje prøv å lage din eigen elektriske gitar!


torsdag 2. juni 2016

Effektar og tilbehør til gitar og bass, del 1: Tids-baserte effektar

Dei aller fleste som har prøvd seg med å klunke litt på gitar eller bass, har sikkert fått med seg at det er ubegrensa mogelegheiter til å få ut lydar og effektar.

 Korleis får The Edge i U2 slike "tepper" av lyd frå ein gitar, korleis får Neil Young den til å simulere bomber og granatar, og Jarle Bernhoft ein gitar til å bli eit heilt orkester.

 Eg vil her prøve å opprette eit "familietre" med dei ulike effektane, kva som kjenneteiknar dei, og eksempel på bruk. Dette er eit enormt fagfelt, så me ser berre på hovudlinjene og ikkje på alle forskjellige merke.

Ok, då startar me frå toppen!

Reverb, Echo og Delay part I

1. Romklang (reverb på engelsk)

Dei fleste har vel høyrd og lagt merke til at ein lyd (som eit klapp i hendene) både høyres forskjellig ut og varar med forskjellig lende frå eit lite rom som i bilen, til ein gymsal, og til ein katedral?
Poenget med å leggje til kunstig romklang til gitarsignalet, er for å skape eit lydinntrykk av ulike størrelsar på eit rom, som igjen bestemmer kor lenge klangen av lyden skal vare.

Til gitar er det fleire metodar som har vore brukt for å få dette til, med litt forskjellig akkustisk karakter.
  1. Fjørklang (Spring reverb)
  2. Plateklang (Plate reverb)
  3. Røyrklang (Tube reverb)
         

John Williams med "Asturias", naturleg reverb.      Ry Cooder, "Paris, Texas", mykje reverb

2. Ekko (echo)

Denne seier vel seg nesten sjølv, då ein med ulike metodar oppnår at gitarsignalet repeterer seg sjølv, og gir ein illusjon om store rom der lyden kjem i retur. Tradisjonelt fekk ein denne effekten av svære kassar som ser ut som ein gamaldags lydbandspelar. Det går då eit band rund og rundt fleire "stasjonar", der ein på fyrste stasjon speler inn gitartonen. Etter nokre millisekund når då bandet andre "stasjon" som spelar av igjen signalet.
Fart og antal ekko vart bestemt av kor fort bandet går, og kor mange "stasjonar" eininga har.


Tidleg Johnny Cash med såkalla "Slap-back"-ekko. Her gjeld det med 1 kjapp ekko, som i eit lite rom.


3. Forsinkelse (Delay)

Delay er i praksis det same som ekko, men når ein byrja å få digitale effektar, kunne ein lage meir intrikate ekko-mønster sidan ein ikkje var avhengig av spoleband lenger. Ein fekk og ein reinare lyd, og kunne dra ekkosignala ut i mange sekunder.



The Edge i U2 er ein meister i bruk av delay, noko som gjer han lett gjenkjenneleg og ein innovator på feltet.


Alle desse effektene er i praksis variantar av same, tidsbaserte effekt. Det er også nokre felles begrep eg vil forklare litt nærare, som er parametrer ein kjem over ved alle tre. Desse kan oftast justerast på vanlige effektpedalar.

  • Decay / reverb tid: Kor lang tid lydsignalet brukar på å nå 60 decibel (dB) under originaltonen.
  • Difusion: Styrer refleksjonsevna til "veggane i rommet"
  • Pre-delay: Styrer størrelsen på "rommet"
  • EQ: korleis ein oppfattar "veggane" (kan simulere td. treveggar, betong, stål, osb) i "rommet"
  • Mix wet/dry: "flyttar" den innbilte lydkjelda fram eller tilbake i "rommet"


Som vanleg så hoppar eg i taket (og det er ikkje enkelt med rullestol!!) av glede om eg får ein kommentar, retting eller tips. Tilogmed kverulering er kjærkome!

tirsdag 26. april 2016

Verdas beste gitarist??




Det var endå ein tragedie i musikkverda, at Prince døydde rett før helga. Som seg hør og bør for ein av dei aller største i pop-bransjen, blir han hylla på nettet, under konsertar, og i tallause diskusjonsforum.
Det er heilt på sin plass, men så er det ein påstand som dukkar opp og opp igjen.


Historia går slik at Eric Clapton skal ha fått eit spørsmål under eit intervju, om korleis det føltes å være den største/beste gitaristen i verda. Der han då skal ha svart: "Eg veit ikkje (på nynorsk, sjølvsagt), spør Prince."
Skal me ta dette for god fisk, og i nostalgiens ljos akseptere at dette er sant?

Det er to hensyn å ta her. 1: Har Eric Clapton nokonsinne sagt dette under eit intervju? Og 2: Var verkeleg Prince den ALLER beste gitaristen som har vore??

Påstand 1: Ved hjelp av nokre google-søk, finn ein fort ut at dette er ei vandrehistorie, som har fått fri tilgang til twitter-kontoar og diverse nettsider. Her gjeld det Clapton og Prince. Mange av dei litt eldre (40+) hugsar sikkert ei liknande historie om Øystein Sunde.

Det har variert mellom Eric Clapton/Mark Knopfler/Santana som hadde fått 1. plassen som verdas beste. Dei takka nei, for det var Øystein Sunde from Norway. Stemmer dette?? Mr Sunde, som ein må stole på som ei påliteleg kjelde i denne saka, har sjølv dementert ryktet under eit intervju med Bård Tufte Johansen i programmet Åpen Post i 1999.

Går ein litt i djupna angåande Clapton/Prince, ser ein td at twitter-innlegga stort sett henviser til andre twitter-innlegg, eller useriøse kjelder som viser vidare til like useriøse sider. Sjekkar ein derimot med td. denne sida, ser ein at historia byrja med at Jimi Hendrix visst nok fekk same spørsmålet.
Han hadde avslått, og henvist til den totalt ukjente kristenrockaren Phil Keaggey. Dette viser seg også å være fri fantasi.

Påstand 2: Er det sannsynleg at Prince er Verdens Beste Gitarist?? Har han betre teknikk enn Eddie Van Halen? Tøffare riff enn Richie Blackmore? Kjappare enn Steve Vai? Eller kunne han spele Guthrie Govan av banen? Dette er berre eit smalt utvalg, og eg har oversett dei store jazz-gitaristar, klassiske gitaristar, folkemusikarar, osb.

Skal ein då, til slutt, prøve å finne ut kven den største er, så er det eigentleg ei umogeleg oppgåve. At Prince var ein fantastisk multi-instrumentalist og pop-komponist er det lite tvil om, men skal ein sjå kven som faktisk vinn dei fleste kåringar (Td hjå redaksjonen i Rolling Stone, eller ei stor lesaravstemning hjå GuitarWorld) er det nok ikkje heilt uventa at Jimi Hendrix omtrent utelukkande vinn.

Var så han den største?? Sett ut i frå si samtid, og korleis han løfta el-gitaren frå eit honky-tonk image til å bli verdas største rockesymbol, er iallefall ikkje eg i tvil. Sjølv gjennom nostalgiens slør.

Vonar dessuten at nokon av dykk har andre meiningar, og kan kommentere dette under!





Ps. Må jo allikevel ta med eit av Princes beste augneblink, frå hyllinga til George Harrison på Rock And Roll Hall Of Fame; While My Guitar Gently Wheeps. 
Her spelar han ein gneistrande gitarsolo, og det store spørsmålet har blitt; Kvar blir det av gitaren hans når han hiv den opp i lufta, etter soloen?? Hmm...




fredag 22. april 2016

Dagens gitarhelt 1. Ace Frehley

Hei igjen.

I dag vil eg begynne å skrive litt om mine eigne gitarheltar. Eg begynte å spele gitar nokså seint, rundt 16 år, og vart veldig gira på dei "gamle" gitaristane frå 60-talet.
Men den fyrste, frå mi fyrste favorittgruppe, må være Ace Frehley frå Kiss.

Ace og resten av Kiss starta opp i 1973, og var 5 år seinare kanskje verdens største og mest gjenkjennelige band. Ikkje minst på grunn av sceneshow og at dei alltid gjekk sminka.

Ace var nok ein rabbagast, og måtte slutte i Kiss rundt 1980 grunna festing og narkotikamisbruk. Han har gitt ut nokre soloplater, vart med og ramla ut av Kiss igjen på 90-talet, og kom no i april ut med si siste plate; Originals vol I.

Gitarstilen til Ace er nokså lett gjenkjennelig. Han brukar enkle, men fengande riff, og spelar det meste av soloane sine rundt den pentatoniske skalaen. Dette skal me sjå litt nøyare på i eit seinare innlegg.
Eit godt døme på stilige riff av Ace, sjå på denne; Parasite frå 1975.



Fun fact: Ace vart elsktrosjokka under ein konsert i 1976!! Ein teknisk feil fekk det til å gå straum inn i gitaren, og når Ace kom borti eit stål-rekkverk fekk han sjokk. Han ramla ned fleire meter, og vart liggjande heilt utslått i 10 minutt før han kunne fortsetje konserten. Som nok var ein slitsom kveld, då han hadde fått brannsår på fingrane sine.
Dette førte til at han skreiv songen Shock Me, som er ein av mine favoritt-Kiss-songar. Denne inneheld også mange av hans faste gitar-triks i soloen.




Eg må og ha med dette biletet, frå eg traff Ace sumaren 2015, og fekk signaturen på den fyrste solo-plata hans. Er nok litt "fanboy"...



Vér no velkomne med æra...

Hei alle saman, og velkomne til min nye blogg!!
Denne skal handle om gitarar i alle former, og korleis du kan bruke ditt strengeinstrument.

Litt om meg då; eg heiter altså Håkon Widding, bur på Grimo i Ullensvang Herad og jobbar som gitarlærar ved kulturskulen i Odda. Utenom det så spelar eg masse sjølv, og er med i fleire band. Sjekk ut Sølvsuper på Facebook, The Apples på YouTube, eller kom på dans med meg og Vidar Børve.

Ellers kan de gjerne surfe innom denne sida her, til eit ukuleleprosjekt eg var med på hausten 2015.
Der kan du lære om ukulela, og lære å spele Dont Worry, Be Happy.
Medvirkande ellers er Mihai Sorohan og Lage Thune Myrberget
















Sjåast snart igjen!

Håkon.